
Kjære veljar
I Ulstein kommune skal du som innbyggar leve det gode kvardagslivet fullt og heilt - heile livet. Vi som er politikarar skal legge tilrette for tryggleik, positiv utvikling og ikkje minst gode kommunale tenester.
Når det er behov for det, skal vi samarbeide med andre for skape eit betre, berekraftig og varmare samfunn. Skal vi lukkast som samfunn, der tryggleik for alle menneske er målet, treng vi kvart einskild menneske. Vi må sjå kvarandre, lytte og vise respekt for kvarandre sine innspel og argument. Slik bygger vi sterke fellesskap.
Ein god og trygg oppvekst er grunnlaget for resten av livet. Ulstein Arbeidarparti er derfor særskilt opptekne av barn og unge. Vi skal bidra til at barn gror sterke røter og får mot til å fly. Dette skal vi mellom anna gjere ved å legge tilrette for utviklande og skapande skulemiljø.2Vi skal sørge for at elevane ved barneskulen i sentrum får eit bygg som gjer det mogleg for elevar og lærarar å fokusere på læring, i staden for dårleg innemiljø og for få klasserom.
Vi skal også sørge for at skulestrukturen består, slik at krinsane og krinsskulane kan engasjere seg for vekst, utvikling og gode læringsmiljø, i staden for å vere redde for skulenedlegging. Dei trygge barna vert dei skapande vaksne, som skal løfte oss inn i framtida med nye løysingar.
I Ulstein Arbeidarparti er vi opptekne av at alle skal ha høve til medverking og opne prosessar, og vi ser kor viktig innbyggarsamtalane er for utviklinga av kommunen. Vi meiner at dei gode, trygge og slitesterke løysingane skaper vi best i fellesskap. Saman står vi sterkast.
Godt val!
RENATHE ROSSI-KALDHOL
Ordførarkandidat