
Samskaping med næringslivet
Samskaping med næringslivet
Ulstein Arbeidarparti har etablert, og vil vidareutvikle god samhandling med det lokale næringslivet. Vi vil bidra til så gode lokale rammevilkår som råd er. Vi vil vere ein pådrivar for at aktivt lokalt eigarskap skal oppleveein meirverdi ved å engasjere seg i og ta medansvar for store og små lokale prosjekt. Samhandlingsprosjekt mellom det offentlege og det private kan vere med å få starta opp og få fortgang i prosjekt som det offentlege åleine ikkje vil makte å realisere.
Ulstein Arbeidarparti vil også bidra til at sentrale styresmakter ser verdien av, og legg til rette for at private aktørar og bedrifter kan bruke større deler av skapte verdiar i lokalmiljøet, og for vidareutvikling av eigne bedrifter.
Ulstein Arbeidarparti vil
- legge til rette for god dialog og direkte samhandling mellom det offentlege og private aktørar
- initiere og støtte gode lokale utviklingsprosjekt
- bidra til, og skape møteplassar og arenaer der ideutvikling, forsking, ny teknologi og knoppskyting kan legge grunnlag for god nærings- og samfunnsutvikling
- bidra til at planarbeid og nytenking både har det gode lokalsamfunnet og næringslivet sitt beste som plattform når framtida skal formast
- støtte oppstartsbedrifter og gründerar og bidra til grøn vekst