HEIM /

alle_i_sirkel_med_logo.jpg

Visjonar og verdiar

Alle menneske er unike, uerstattelege og like mykje verd. Ulstein Arbeidarparti vil arbeide for at kvart menneske skal få likeverdig høve til å utvikle evnene sine, og gjere draumen om ei godt liv mogleg. Ikkje for nokre få, ikkje for fleirtalet, men for alle. Ulstein Arbeidarparti strevar ikkje etter likskap, men likeverd.

For å få dette til treng vi jamnare fordeling av verdiane i samfunnet. Utan sosial tryggleik, ingen verkeleg fridom. Vi skal sjå kvarandre og løfte velferdsoppgåvene i fellesskap. Solidaritet mellom menneske er ein føresetnad for å skape eit slikt samfunn, og det skal prege vår politikk.

Ulstein Arbeidarparti vil

  • prioritere oppvekstvilkåra til barn og unge •

  • legge til rette for at Ulstein er ein god kommune for alle sine innbyggarar •

  • vere ein modig pådrivar for å løfte og utvikle lokalsamfunnet, i lag med kommune, næringsliv og frivillige

|
alle_i_sirkel_med_logo242.jpg

Ein god barndom og trygg oppvekst for alle

Alle barn og unge skal oppleve at det er godt å vekse opp i Ulstein kommune. Vi skal gi barna det beste grunnlaget for å bli framtida sine innbyggarar. Då må vi ha skular og barnehagar med plass til alle, som er framtidsretta, har god kvalitet og eit godt skulemiljø.

Ulstein Arbeidarparti går til val på å bevare og vidareutvikle skulestrukturen vi har i dag, og ei satsing på ny kommunal barnehage. Vi skal ha nullvisjon mot mobbing og ei vidare satsing på MOT. Ulstein Arbeidarparti satsar på framtida vår.

Ulstein Arbeidarparti vil

  • fornye og utvide barneskulen i sentrum for å sikre eit trygt læringsmiljø •
  • bevare dagens skulestruktur
  • sørge for at den neste kommunale barnehagen skal byggjast ved Gjerdsbakkane i Hasund krins
  • fortsette med gratis frukost på ungdomsskulen
  • ha ein nullvisjon mot mobbing og fortsette å vere eit lokalsamfunn med MOT
  • fortsette det gode arbeidet med lærlingplassar, med visjon om minst 2 lærlingar pr. 1000 innbyggar
  • ha oppdaterte digitale verktøy til alle elevar i Ulsteinskule
|
renathe_ser_mot_kamera_staar-_ring_ii.jpg

Helse – meistring heile livet

Ulstein Arbeidarparti vil sikre innbyggarane det helsetilbodet og dei omsorgstenestene dei treng i alle livsfasar. Vi skal ha fokus på tidleg innsats,og styrke dei helsefremjande tiltaka. Det er betre både for einskildindividet og lokalsamfunnet, om vi kan førebygge i staden for å reparere.

Ulstein Arbeidarparti vil

  • arbeide for utvida opningstider ved helsestasjon for ungdom
  • satse på førebygging og tidlig innsats, med betre folkehelse og meir fysisk aktivitet
  • styrke arbeidet med kvardagsmeistring i den heimebaserte omsorga, slik at fleire kan få oppfylt ønsket om å bu trygt i eigen heim
  • legge tilrette for at frivillegheita kan bidra i eldreomsorga.
  • ta i bruk ny teknologi og digitale verktøy for å heve kvaliteten på pasientbehandling og auke pasientsikkerheita
  • sette inn tiltak for å motverke einsemd, og styrke den psykiske helsa
  • legge tilrette for heile stillingar i helse og omsorg
  • ikkje privatisere og sette ut helse og omsorgstenester på anbod
  • legge til grunn universell utforming ved alle planlegging og utbygging i kommunen
|
high_five712.jpg

Kultur og idrett – raust og inkluderande samfunn

Det gode oppvekstmiljøet skapar vi i fellesskap. Ulsteinsamfunnet er kjent for å skape gull av gråstein. Idretten og den frivillige dugnadenhar vore viktige pådrivarar for å skape denne kulturen. Desse verdiane ønsker vi å bygge vidare på.

Ulstein Arbeidarparti vil

  • framleis arbeide for eit mangfaldig kultur og idrettsliv for barn og unge
  • gi gratis bading i Ulsteinbadet til alle born under 6 år
  • framleis behalde gratis hall-leige for lag og organisasjonar på vekedagar
  • framleis arbeide for utbygging av turstiar og styrke turtrimmen Stikk UT 
  • leggje tilrette for at dei etablerte turstiane og friluftsområda blir sosiale møteplassar med naturopplevingar og aktivitetsmoglegheiter
  • leggje til rette for parkering ved turstiane, Tufteparken i Bugarden og ved sykkelparken på Hofset
|
alle_paa_berget_ii493.jpg

Samskaping med næringslivet

Ulstein Arbeidarparti har etablert, og vil vidareutvikle god samhandling med det lokale næringslivet. Vi vil bidra til så gode lokale rammevilkår som råd er. Vi vil vere ein pådrivar for at aktivt lokalt eigarskap skal oppleveein meirverdi ved å engasjere seg i og ta medansvar for store og små lokale prosjekt. Samhandlingsprosjekt mellom det offentlege og det private kan vere med å få starta opp og få fortgang i prosjekt som det offentlege åleine ikkje vil makte å realisere. 

Ulstein Arbeidarparti vil også bidra til at sentrale styresmakter ser verdien av, og legg til rette for at private aktørar og bedrifter kan bruke større deler av skapte verdiar i lokalmiljøet, og for vidareutvikling av eigne bedrifter.

Ulstein Arbeidarparti vil

  • legge til rette for god dialog og direkte samhandling mellom det offentlege og private aktørar
  • initiere og støtte gode lokale utviklingsprosjekt
  • bidra til, og skape møteplassar og arenaer der ideutvikling, forsking, ny teknologi og knoppskyting kan legge grunnlag for god nærings- og samfunnsutvikling
  • bidra til at planarbeid og nytenking både har det gode lokalsamfunnet og næringslivet sitt beste som plattform når framtida skal formast
  • støtte oppstartsbedrifter og gründerar og bidra til grøn vekst
|
alle_paa_berget358.jpg

Samferdsel og trafikktrygging

Stadig betre kommunikasjonar knyter regionen saman. Det viktigaste samferdselsprosjektet for å knyte Søre Sunnmøre saman medresten av Sunnmøre er HAFAST. Ulstein Arbeidarparti vil arbeide for gode transport- og kommunikasjonsårer i kommune og region.

Ulstein Arbeidarparti vil

  • arbeide for ein framtidsretta
  • vere ein pådrivar for å realisere HAFAST
  • arbeide for rundkjøring i Hasundkrysset, Saunesmarka og Glopen 
  • samarbeide med Statens vegvesen og Herøy om ny bru over Dragsund 
  • styrke kollektivtrafikken mellom nabokommunane
  • opprette FRAM Flexx (bestillingstransport) tilbodet i kommunen
  • bygge vidare gangveg frå Kleven til Dimna grendahus
  • sørge for trygge skulevegar slik at born som ikkje treng skuleskyss kan gå trygt til skulen
  • påverke Statens Vegvesen til å bygge gang- og sykkelveg frå Garneskrysset til Haddal
  • plassere ut nye busskur der det er behov for det
|
renathe_ser_mot_kamera_staar-_ring794.jpg

Berekraftig miljø

Vi skal overlate jordkloden vår til generasjonane som kjem etter. Då er det viktig at kommunen bidreg med tiltak som tek vare på miljøet vårt.Ulstein Arbeidarparti ønsker også å gjere det lett og attraktivt for deg som innbyggar, å velje nye fornybare løysingar.

Ulstein Arbeidarparti vil

  • at alle nye kommunale bygg vert bygd som plusshus etter ein ambisiøs miljøstandard

  • at nye bilar som kommunen går til anskaffing av, er fossilfrie eller nullutslippskjøretøy

  • etablere fleire ladepunkt for elbil i kommunen

  • samarbeide med fleire aktørar for å bruke fjernvarme

  • støtte opp om det gode arbeidet som SSR gjer, og legge til rette for vidare utvikling i selskapet

  • at Ulstein kommune skal ha ei offensiv tilnærming til dei miljøutfordringane som vi både lokalt og nasjonalt står ovanfor

  • gjere det lett og attraktivt for innbyggjarane å hente informasjon, for å velje miljøvennlege og fornybare løysingar

alle_paa_berget_ii32.jpg

Kommunen som tenesteytar

Kommunen si oppgåve er å yte tenester som kan hjelpe innbyggarane å leve trygt og meiningsfullt frå vogge til grav. Ulstein Arbeidarparti legg vinn på å vere modige, nytenkande, og ha sosial profili utviklinga av kommunen, slik at vi kan gje gode tilbod og bidra til auka livskvalitet og bulyst for alle.

Ulstein Arbeidarparti vil:

  • auke botnfrådraget og fjerne eigedomsskatten på sikt•
  • applaudere ein kommune som tek modige val, og som har fokus på nytenking og innovasjon for å finne betre og meir effektive måtar å løyse kommunale oppgåver på
  • legge tilrette for at Ulstein skal vidareutviklast som ein servicekommune
alle_i_sirkel_med_logo89.jpg

Politisk rekneskap

Ulstein Arbeidarparti har:

  • oppnådd å få bygd den største satsinga for born og unge i Ulstein kommune, Ulstein Arena, med ny symje og idrettshall, klatrehall og bibliotek•
  • prioritert teknologisatsing og digitale læremiddel i barnehage og skule
  • bygd nytt dagsenter til menneske med utviklingshemming
  • styrka helse og omsorg med midlar til demensomsorg og kvardagsrehabilitering
  • prioritert midlar til velferdsteknologi
  • realisert gangveg frå Hasund skule til Kleven verft
  • fått på plass gangbru over Haddalelva
  • realisert parkeringsplass på Gåsneset og utvida parkeringsplass ved Uglesætra• prioritert å få på plass fleire turvegar i fjellet
  • støtta opp om interkommunale samarbeid, for å skape effektive, meir robuste og betre kvalitet på tenester
  • bidratt til å vere ei løysingsorientert kommune, med fokus på nytenking og utvikling i alt vi gjer