Årsmøtet i Ulstein Arbeidarparti har kome med ein uttale om innvandring- og asylpolitikk. Ein verdig innvandring- og asylpolitikk
Fleire nordmenn enn tidlegare har bakgrunn frå andre land og kulturar. Dette er ein rikdom for Norge og heilt nødvendig om vi skal halde oppe velferdsnivået i samfunnet vårt. Slik også for Ulsteinsamfunnet. I det siste året har straumen av flyktningar til Europa auka, og auken er forventa å halde fram også det komande året. Auken har gjort flyktningpolitikken krevjande og utfordrande, men også spennande og med nye muligheiter for samfunnet vårt. Og det er nødvendig å minne oss om at det er inga krise i Norge. Det er krise blant flyktningane.
Det er viktig å føre ein verdig og rettferdig innvandring- og asylpolitikk. Alle menneske som bankar på vår dør og spør om vårt vern, har rett til å få prøvd si sak. Vi skal møte alle med varme og respekt. Er det grunnlag for opphald, skal vi gi dei same rettigheiter og plikter som alle som bur her. Når det ikkje er grunnlag for opphald skal dei tilbake til landet dei kom frå. Alle skal innordne seg dei same lovene og reglane som er sett der til det beste for samfunnet vårt. Ved å møte alle menneske med tillit og krav, vil vi kunne skape eit godt samfunn for alle.
Norge er eit fleirkulturelt samfunn, og i dag har halvparten av dei fødde i Ulstein ein eller begge foreldre av annan etnisk bakgrunn enn norsk. Vår største oppgåve både lokalt og sentralt er å hindre at det utviklar seg eit klassedelt samfunn. Dei viktigaste virkemidlane mot eit klasseskilje er ein god felles skule og arbeid for alle med tilrettelegging for deltaking i samfunn, fritidsaktivitetar og frivilligheit. Og det er vi som lever og bur i vårt lokalsamfunn som kvar dag må ta ansvar for at det er desse verdiane som vert etterlevde, i det private og det offentlege rom.
Norge er eit raust og inkluderande samfunn. Det er verdiar vi vil kjempe for. Landet vårt blir ikkje ein betre og tryggare stad om vi bygger frykt, hat og kynisme. Det norske samfunnet fungerer best om vi gir menneske håp og framtidstru.
Vi har tru på den maritime næringa. VI HAR TRU PÅ DEN MARITIME NÆRINGA PÅ NORDVESTLANDET
Den maritme og oljerelaterte næringa på Nordvestlandet er inne i sin vanskelegaste periode på nærare 15 år. Mange tilsette har fått oppseiing, er permitterte eller står i fare for å verte oppsagde.
Mange bedrifter, både rederi og landbaserte, kjempar no ein innbitt kamp for å overleve, for å skaffe driftsfinansiering og nye kontrakter og for å finansiere nye prosjekt.
I regionen på Nordvestlandet har det gjennom mange 10-år vorte utvikla og bygt opp ei komplett og livskraftig maritim klynge. Denne klynga har gjennom alle år, og med store sykliske svingingar, vist vilje og evne til å utvikle seg, til nytenking, omstilling og nyskaping, og dermed til å vere i første rekkje med å skape og produsere nye og konkurransedyktige produkt. Desse produkta er teknisk og praktisk leiande på verdsbasis.
Aktørane i denne næringa har alltid sett si ære i å støtte og ta vare på det unike samspelet mellom eigarar og tilsette, i beste norske og nordiske tradisjon. I slike situasjonar stiller både aktive lokale eigarar, enkelttilsette, fagorganisasjonar og lokalsamfunn opp for at bedrifter og næringa skal overleve og utvikle seg. Ulstein Arbeidarparti vil med denne uttalen så sterkt som råd er støtte dei mange bedrifter, eigarar og tilsette som i dag gjer sitt beste for at næringa og arbeidsplassane skal overleve og få mulegheit for vidare drift og utvikling.
Vi vil også uttrykke støtte til dei mange som i dag står utan arbeid, og som går ei usikker framtid i møte.
Vi krev at norske styresmakter, Regjering og Storting, aktivt støttar opp om å bistå den unike maritme klynga i denne vanskelege tida, og at det blir gitt utvida og fleksible støtteordningar til omstilling og nyutvikling både internt i bedriftene og generelt, og at rammevilkår og skattereglar vert tilpassa den aktuelle situasjonen.
Vi krev at permitteringsreglane vert endra slik at tilsette kan gå opptil 52 veker med dagpengar under permittering slik at nødvendig fagkompetanse kan takast vare på, og vere klar når nye oppdrag kjem inn. Det er viktig At NAV vert rusta for å møte den stadig aukande arbeidsløysa med gode omstillingstiltak.
Vi krev at styresmaktene legg aktivt til rette for at bankar og finans- og garanti-institusjonar også i denne vanskelege situasjonen tek nødvendig samfunnsansvar og stiller kapital til disposisjon slik at nye kontrakter kan finansierast og realiserast.
Vi krev ein aktiv, tilpassa og framtidsretta næringspolitikk. Ulstein Arbeiderparti har full tillit til at den utviklingsorienterte næringa i området vil kome sterkt tilbake, vil omstille seg til nye tider og nye utfordringar og vere liv laga også i framtida.
Ulstein kommunestyre i forrige periode. Skjermdump Ulstein kommune.
Ulstein kommunestyre skal ta stilling til folkeavrøysting eller innbyggarundersøking i kommunestyret torsdag 28. januar. Styret i Ulstein Arbeidarparti tilrår kommunestyregruppa at ein går for innbyggarundersøking.
Styret drøfta fordelar og ulempar med dei to alternativa og etter ei samla vurdering valte ein å tilrå innbyggarundersøking. Saka skal handsamast i gruppemøte tirsdag 26. januar.
Besøket samla framføre Island Venture. Frå venstre: Hanne Notøy, Terje Olsson, Magne Grimstad jr., Oscar Sundal, Tore Dukefoss, Stig Heggem og Kari Hoset Ansnes. Bedriftsbesøk saman med LO-sentralt
Tirsdag 1. september gjennomførte LO-sentralt ved Terje Olsson bedriftsbesøk hos Ulstein Elektro Installasjon AS. Saman med Olsson var Kari Hoset Ansnes frå LO Møre og Romsdal og Stig Heggem frå El & IT Forbundet i fylket. I fylgjet var også ordførarkandidat for Ulstein Arbeidarparti, Magne Grimstad jr.
Det var det lokale El & IT Forbundet ved Tore Dukefoss og lærlingansvarleg Hanne Notøy som tok i mot fylgjet. Sidan møtet bl.a fokuserte på lærlingordninga, var elektrikar-lærling Oscar Sundal med på omvisninga.
Vi fekk eit godt innblikk i dei utfordringa næringa står overfor i desse dagar. Mangel på kontrakter gjer arbeidssituasjonen svært krevjande og den lokale fagforeininga ber regjeringa om å sette inn tiltak som kan hjelpe den maritime næringa over kneika. Det blei peika på utvida permiteringsperiode frå 30 til 52 veker og endå større fokus på bedriftsintern opplæring (BIO) som nokre av dei viktigaste tiltaka.
Besøket fekk også omvisning på det nye skipet Island Venture som ligg ved kai for utrustning. Her fekk vi møte fleire lærlingar, blant anna Stine Lund frå Lom og Martine Vindfjell frå Nordfjordeid. Begge to trives særs godt og skrytte av den gode mottakinga dei har fått. Skipet seiler over Atlanterhavet om tre månader.
Magne Grimstad jr. stiller som ordførarkandidat for Ulstein Arbeidarparti, og stiller seg på lag med næringslivet. No treng den maritime næringa gode tiltak
Arbeidarpartiet la 20. august fram ein omfattande tiltakspakke for å dempe verknadene av fallet i oljeprisen og legge grunnlaget for omstilling og ny vekst i næringslivet. Pakken er prisa til 2,5 milliardar kroner i kortsiktige tiltak og titals milliardar kroner til ulike utviklingsfond med meir langsiktig verknad. Pakken vil vere ein del av Arbeidarpartiet sitt alternative statsbudsjett til hausten.
Nokre utvalde verkty frå verktykassa til Arbeidarpartiet:
Akutte tiltak for dei som mister jobben: Enklare å få støtte til bedriftsintern opplæring (BIO) og auka opplæringsperiode frå 13 til 36 veker. Meir fleksibelt regelverk for dagpengar. 2.000 nye tiltaksplassar. Auka tilskot til lærlingeplassar. Fleire offentlege lærlingeplassar. Utdanning av 1.000 kompetente ledige frå olje- og leverandørindustrien til nye yrkesfaglærarar i vidaregåande skule. Fleire fagskuleplassar og studieplassar.
Kortsiktige tiltak for å halde på kompetansen i ein overgangsperiode: Bidrage til utvikling av ny teknologi i ferjeflåten og skape aktivitet ved norske verft. Kompeanseoverføring frå leverandørindustrien til gryande vekstnæringar som fornybar energi, havbruksteknologi, romfart og helseteknologi. Styrka klyngesatsing gjennom GCE (Global Center of Expertise). Hjelp til gründerar gjennom styrka akseleratorprogram for tidlegkapital, at staten stiller med like mykje kapital som private investorar.
Langsiktige tiltak for å stimulere til grøn omstilling og nye arbeidsplassar: Auka støtte til: Prosjekt for fangst og lagring av CO2. Sentrale forskings- og innovasjonsprogram for utvikling av ny teknologi. Utforsking av ressursane i havromet som grunnlag for nye næringar. Utvikling av produkt basert på bioråstoff. Utvikling og testing av ny havbruksteknologi. Satsing på helse- og velferdsteknologi.
Les meir på nettsidene til Arbeidarpartiet
Vår eigen Aurora Dimmen reiser til Utøya. Over 1.000 påmeldt til AUF-leiren på Utøya
Over 1.000 personar er påmeldt til årets AUF-leir. Det er truleg det høgaste talet nokon gang, seier AUF-leder Mani Hussaini. Ei av dei som reiser er våre eigen Aurora Dimmen.
Årets leir er den første på Utøya sidan terrorangrepet for fire år sidan. – Eg er veldig stolt av at det er så mange påmeldte til årets sommarleir. Truleg er det vårt høgaste tall så langt, seier AUF-leder Mani Hussaini under ei pressekonferanse som markerte opninga av årets Utøya-leir.
Videre opplyste Hussaini at AUF hadde fått over 5.000 nye medlemar sidan 2011. – Dette vil alltid vere ein stad som er prega av terrorangrepet i 2011, men å ta staden i bruk handlar om å ikkje la mørket vinne. Vi har bygd Utøya opp igjen bit for bit, og derfor er det eit stort steg å ha sommarleir på Utøya igjen, sa Hussaini. Temaet for årets sommarleir er internasjonal solidaritet i eit generasjonsperspektiv. (©NTB)
Gruppeleiar og formannskapsmedlem i Ulstein Arbeidaparti, Renathe Rossi-Kaldhol vil ikkje opne for handel på søndagar. Ulstein Arbeidarparti seier nei til å opne for handel på søndagar
Fyrstkomande tysdag, den 9.juni, skal Ulstein formannskap handsame sak om å opne for handel på søndagar. Ulstein Arbeidarparti ser ikkje noko poeng med å opne for handel på "kviledagen".
Ulstein Arbeidarparti registrerar at handelsnæringa sjølv ikkje ønskjer å halde opent på søndagar. Dei peikar på at det både vert dyrare, og at kvaliteten på dei tenestene dei skal levere til oss som kundar, vert av lågare kvalitet.
Ulstein Arbeidarparti vil lytte til næringa. Arbeidarpartiet fryktar at ei innføring av søndagsopne butikkar vil føre til svekka drift og konkurransekraft lokalt. Regionen har begrensa med folk, så vi vil uansett ikkje kunne vente ein eksplosiv auke i omsetnad. Til det er regionen for liten. Dei behova vi har i dag, vert dekka gjennom dei tilboda vi allereie har.
Søndag er også ein tradisjonsbunden dag. Ein annleis dag der vi i større grad sett av tid til familie og rekreasjon. Vel vert å behalde!
Ordførarkandidat Magne Grimstad jr. omkransa av ei rekke partikandidatar.
Magne Grimstad jr. møter til ordførarduell under ein Smak av Ulstein.
Kvifor skal du stemme på Arbeidarpartiet? Møt opp om du er interessert i å vite meir om vår politikk i komande periode. Høyr kva vi legg vekt på, når det gjeld oppvekst, levekår, helse, kultur, samferdsel og samfunnsutvikling.
Marianne Breivik tok i siste kommunestyre til orde for at kommunen skal bruke meir pengar til norskopplæring for framandspråklege.
Norskopplæring er avgjerande for å klare seg godt i det norske samfunnet. Marianne Breivik vart difor bekymra når ho las kommunen sin årsrapport for 2014, og såg at kommunen ikkje hadde nådd dei mål som har vore sett i forhold til akkurat dette.
Ho poengterte at språkproblem gjer det vanskeleg for denne gruppa å få innpass i arbeidslivet, noko som igjen vil føre til at bruk av sosialstønad stig. Det er essensielt at vi legg tilrette for god norskopplæring avslutta ho med.
På vegne av Arbeidarpartiet la ho fram levekårutvalet sin uttale, som framlegg til vedtak, der ein har satt fokus på mellom anna flyktningar sine vilkår i Ulstein kommune. Framlegget vart einstemmig vedteken. Ny ordning for godtgjerdsle av ordførar
Frå kommunestyresalen. Skjermdump frå videoverføring frå nettsidene til Ulstein kommune.
Det er våren sett ned ei eiga gruppe som har arbeid med det politiske reglementet for Ulstein. Reglementet fekk si forankring i kommunestyremøte 28. mai - også ordførarlønna.
I forkant av vedtaket hadde ein henta inn korleis godtgjerdsle for ordføraren er i enkelte av våre nabokommunar. Ordninga i Volda kommune der lønna fylgjer stortingsrepresentanten si lønn finn poltikarane i Ulstein både formålstenleg og fornuftig. Ei slik ordning vil vere forankra i ei allereie etablert politisk avlønning.
Ulstein Arbeidarpartiet og Ulstein Høgre kom med eit forslag der vi ønskjer å skilje ordførarlønna frå praksisen med å fastsette lønna basert på lønna til rådmann. Det er ikkje lenger politisk grunnlag for ei slik ordning sidan rådmannsstillinga i langt større grad er konkurranseutsett og lønnsdrivande.
I kommunesstyret blei dette eit felles framlegg frå alle parti:
"Ulstein kommune set ordførarlønna til 100 % av det stortingsrepresentant har per år. Godtgjerdsla blir regulert frå same tidspunkt som stortingsrepresentant si lønn blir fastsett i mai / juni kvart år. Godtgjerdsla blir utbetalt etter same reglar for dei tilsette i kommunen med tanke på feriepengar, sjukelønn m.m. Ordføraren er innmeldt i vedteken pensjonsordning".
Ottar Kaldhol talte ved minnesteinane ved Ulstein kyrkje. Ulstein Arbeidarparti markerte seg ved årets 17.mai
Ottar Kaldhol, Ivar Mork og Hanne Notøy talte 17. mai. Ottar ved minnesteinane ved Ulstein kyrkje, Ivar ved folkefesten i Ulstein og Hanne på folkefesten i Eiksund. I tillegg var Aksel Hauge aktiv med fleire kåseri denne dagen.
Her er talen Ottar hadde:
Kransing av minnesteinane ved Ulstein kyrkje 17. mai 2015 Anton Kleiven og Per Dimmen og godtfolk. Gratulerer med dagen. Etter at eg hadde svart 17. mai komiteen ja til å kranse minnesteinane så kom tvilen i meg, er eg verdig til det, eg som er fødd i 1946, eit såkalla fredsbarn, og tilhøyrer dei som vert kalla dessertgenerasjonen. Då kom der ei kjensle i meg, at ja nettopp derfor, må eg no kjenne og ta ansvar for å kranse minnesteinane her ved Ulstein kyrkje. Etter kvart kjende eg også på at her har eg sjansen til å takke alle i foreldre og besteforeldregenerasjonen som på sjø og land har brukt freden og fridomen til å bygge verdens beste land å bu i! Det var mange land og folk som hadde ofra svært mykje som tok attende freden i maidagane for 70 år sida, ja det er vel grunn til å understreke det, det var ingen som fekk freden, dei tok den attende med ufattelege store menneskelige tap. Min generasjon fekk freden i dåpsgåve, og siste vekene har vi med rette vorte minte på dei ufattelege menneskelege lidingane og dei store tragediene som krigen skapte, også her i vårt land.
Takksemd Kva er det vi som er samla her i dag har til felles, jau vi kjenner på ei inderlig stor og sterk takksemd til dei som ofra liv og helse for vår fred og fridom. Ei takksemd som vi kan gi utrykk for i felleskap her og no. Det vi også har til felles er at vi veit at det var ikkje forgjeves det store offeret dei ga dei som reiste ut under krigen. Eller dei som alt var ute på fiske, i fangst og i utenriksfart, og dei som heile krigen gjekk i teneste i kamp for fred og fridom her heime og rundt om på heile jorda. I denne felles takksemda ligg det også ei audmjuk og respektfull helsing med gode varme tankar til etterkomerane til dei som ga sitt liv i krigen og i arbeid som sjøfolk, som fiskera og fangstmenn, dei som har fått sine namn på minnesteinane her ved kyrkja.
Stoltheit Det vi også har felles er at ser vi rundt oss både her heime og i landet vårt så har vi mykje å vere stolte over, og ikkje minst når vi ser kva freden vart brukt til, og at vi i felleskap har bygd og foredla dette til fridom gjennom 70 år. Det er i denne felles stoltheita for land og folk vi kjenner det veks fram ei audmjuk, men sterk kjensle. Ei kjensle av felles styrke over kva vi kan makte i eit lite land med få innbyggera, og der einskildmenneske oppgjennom åra har kjent på kroppen at veka har flest kvardagar.
Respekt Tenk etter med hjartet, og det skal vi gjere minst ein gong for dag, sa besta. Ja, det må alltid vere i respekt og takksemd til dei som ga sitt liv og si helse på sjø og land at vi og nye generasjonar sikrar fred, fridom og bygger landet vårt vidare. Historia og ikkje minst dagens røyndom både fjernt og nært viser at vi må vere vakne, og den fysiske og materielle forsvarskrafta må vi bygge, utvikle og styrke i eit sterkt internasjonalt felleskap. For små land som Norge finst der ikkje noko alternativ til det, og derfor må vi satse minst så mykje som alliansepartnerane våre ventar av oss. Det har vi økonomisk råd til, eller sagt på ein annan måte, i respekt for dei vi heidrar i dag så har vi ikkje noko alternativ til det. Vi bygg ikkje fred og fridom berre med militært forsvar, i det ævelege perspektivet er det rettferd mellom land, folk og menneske som bygg demokrati som varer. Ja for egentlig så handlar alt dette om vår eigen sjølvrespekt, det handlar om å kjenne og å ta ansvar for å føre dette fridomsbyggverket vidare. Det er kvar generasjon sitt ansvar å minne kvarandre om at fridom, demokrati og folkestyret er ei plante som må stellast og gjødslast. Derfor, kjære dokke fantasiske ungdomar som er her i dag eller som vi har rundt oss gjennom heile året. Når dokke naturleg og sjølvsagt studerer på høgskular og universitet og går i lære i arbeidslivet på sjø og land, send ein takk til alle dei som vi heidrar i dag, til dei som gjekk føre i tru og von og gav sitt liv for eit bedre samfunn i fridom. Kjære ungdomar og alle andre, tenk med hjarte minst ein gong for dag i respekt og takk til dei som gjekk føre oss, og gjorde dette mulig.
Byste av Ragnar Ulstein Godtfolk Eg vil rette merksemda mot ei særs gledeleg og viktig sak. Det er all grunn til å gi ein stor honnør til Kjell Garnes som tok initiativet og til Ulstein historielag med Aksel Hauge i spissen som sette i gang arbeide med å få reist ei byste av Ragnar Ulstein. Bysta skal vere eit synleg prov på heidersmannen sin innsats både i og ikkje minst etter krigen. Det er svært få om nokon i Norge som har vist slik heider og respekt for sine medsoldatar og kvardagsheltar etter krigen som Ragnar Ulstein. Meir enn nokon har han tala dei som ikkje kom heim si sak, meir enn nokon har han tala dei som vart helselause og sleit si sak, meir enn nokon har han tala krigsseglarane si sak, meir enn nokon har han tala om og peikt på kvinnene sin store innsats og rolle i otte og ank og i ansvar for barn og heim når mannen var ute. Meir enn nokon har han tala og dokumentert kvardagsheltane sin sak og innsats. Heile Norge og langt ut om landet har gjennom hans forfattarskap fått eit innsyn i kva dette forferdelege med krig egentlig handla om. Han gjorde det som tusenvis av norske soldatar, sjømenn, fiskara og fangtsmenn ba om i si siste bøn, der dei låg i sin lagnad og sa: du må helse til dei heime! Ragnar Ulstein har meir enn nokon helst heim, ja han har gjennom sitt lange og utrettelige forfattarskap helsa heim til alle, på vegne av alle dei som ikkje kom heim! Han har motteke ei rekke nasjonale og internasjonale heidersteikn og det skulle då berre mangle om ikkje vi i heimkommuna hans skulle la han vere symbolet på takksemd, ansvar og fredsbygging, på hans måte. La vi derfor her ved kyrkja minne kvarandre som medmenneske om at kompromisset og tilgivelsen si kraft ikkje kan overvurderast.
Godtfolk Tenk om, ja tenk om, i respekt for Anton Kleiven, Per Dimmen som sit her mellom oss i dag og Ragnar Ulstein og deira likemenn og kvinner, så vert det i Ulstein kommune no heretter ein ny tradisjon. Den største heidersoppgåva til Russepresidenten ved Ulstein vidaregående skule skal vere å tale og legge ned blomar ved bysta til Ragnar Ulstein 8. mai kvart år, der russen og alle ungdomane i kommuna er tilstades! Då får vi ein fast og verdig tradisjon med å markere 8. mai kvart år. Då er det ungdomen sjølv som i stor takksemd og med audmjuk respekt tek ansvaret for å føre den historiske arven med markering av fridomsbygging vidare kvart år.
Når eg no kransar minnesteinane på vegne av oss alle, så er det med hjartet mitt eg tenkjer og handlar.
Takk for merksemda.
Ottar Kaldhol les dikt under 1. mai arrangementet. 1. mai arrangement i Ulstein
I år fall 1. mai på ein fredag og Ulstein, Hareid og Herøy lokallag frå Arbeidarpartiet var samla på Aktivitetshuset på Vikholmen. Therese Hjelmeseth, sekretær i LO Søre Sunnmøre, heldt appell. Ho fokuserte på innhaldet i dagen, kva den betyr for det norsk folk, og for verda elles.
Leiar Ottar Kaldhol innleia arrangementet med å lese dikt. Etter ei kort matykt var det klart for tale ved ordførarkandidat, Magne Grimstad jr. Han innleia talen med å seie - Eg har ei god nyheit til dykk. Vi skal vinne valet! Hovudbodskapen i talen var sosialdemokratiet sitt oppgjeret med "allmuesinnet". Ved å stå opp for våre rettigheiter har samfunnet utvikla seg til det beste for alle saman.
Nepal blei hardt ramma av jordskjelvet. Bidra til jordskjelvramma i Nepal
Loddsalet under 1. mai arrangementet på Aktivitetshuset i Ulsteinvik gjekk uavkorta til Nepal og ofra for jordskjelvet som råka landet i vår. Støtta gjekk til presenningsdugnaden som Plany AS, Akka Tekst og Arkoreiser hadde fått i stand.
Vikebladet har intervjua Hanne Notøy og Therese Hjelmeset. Dei seier til avisa: - Når katastrofa blir så enorm, så kjenner ein seg litt hjelpelaus. Vi skulle jo gjerne ønskje at menneska i Nepal får tilbake heimane sine på eit blunk, men det veit vi jo ikkje går. Vi prøver no å legge vekk tanken om å hjelpe absolutt alle, men hjelpe nokre. Å gi menneske tak over hovudet ser vi på som ei fin støtte, seier Notøy.
Loddsalet gav 3 000 kroner og dei innsamla midlane går uavkorta til presenningsdugnaden. - Det betyr at seks familiar får tak over hovudet. vi vil komme med ei oppfordring til andre i regionen, både privatpersonar, organisasjonar og næringslivet, bidra du også!, seier Therese Hjelmeset.
Hanne Notøy får tildelt Kvinneprisen 2015. Kvinneprisen 2015 til Hanne Notøy
Arbeidarparti-politikar Hanne Notøy blei tildelt Kvinneprisen 2015 for Ulstein og Hareid. Ho har gjennom mange år vore natteramn i Ulsteinvik, og i tilllegg til plass i kommunestyret, sit ho også på Fylkestinget. Ho har også valt ei litt utradisjonell utdanning for kvinner.
Det er Vikebladet som melder dette. Ho har elektrofag frå Ulstein vidaregåande skule, og fekk lærlingplass ved Ulstein Elektro i 1988. Ho har fagbrev som elektromontør, og v art fast tilsett i bedrifta då lærlingtida var over. Ho er engasjert i eiga fagforening, og medlem i Ulstein Arbeidarparti, der ho er inne i si andre periode. Det var sonen Simen som stolt kunne ta i mot prisen på vegner av Hanne.
Renathe Rossi-Kaldhol på talarstolen på årsmøte i Møre og Romsdal Arbeidarparti. Årsmøte i Møre og Romsdal Arbeidarparti
13. - 15. mars gjennomførte Møre og Romsdal Arbeidarparti årsmøte. Årsmøtet var lagt til Molde og Rica Seilet hotell. Frå Ulstein Arbeidarparti møtte Hanne Notøy, Simen Notøy, Renathe Rossi-Kaldhol, Magne Grimstad jr. og Susanne Løset.
Årmsøtet er det høgste organet til Møre og Romsdal Arbeiderparti. Kommunepartia har utsendingar med stemmerett etter medlemstal, i tillegg har AUF eigne delegatar. Fylkesstyret og styret for fylkestingsgruppa har i tillegg tale- og forslagsrett. Ulstein Arbeidarparti har vel 100 medlemmer og har seks representantar. |
Ein verdig innvandring- og asylpolitikk
Fleire nordmenn enn tidlegare har bakgrunn frå andre land og kulturar. Dette er ein rikdom for Norge og heilt nødvendig om vi skal halde oppe velferdsnivået i samfunnet vårt. Slik også for Ulsteinsamfunnet. I det siste året har straumen av flyktningar til Europa auka, og auken er forventa å halde fram også det komande året. Auken har gjort flyktningpolitikken krevjande og utfordrande, men også spennande og med nye muligheiter for samfunnet vårt. Og det er nødvendig å minne oss om at det er inga krise i Norge. Det er krise blant flyktningane.
Les mer
VI HAR TRU PÅ DEN MARITIME NÆRINGA PÅ NORDVESTLANDET
Den maritme og oljerelaterte næringa på Nordvestlandet er inne i sin vanskelegaste periode på nærare 15 år. Mange tilsette har fått oppseiing, er permitterte eller står i fare for å verte oppsagde.
Les mer
Kommunereform
Ulstein kommunestyre skal ta stilling til folkeavrøysting eller innbyggarundersøking i kommunestyret torsdag 28. januar. Styret i Ulstein Arbeidarparti tilrår kommunestyregruppa at ein går for innbyggarundersøking.
Les mer
Bedriftsbesøk saman med LO-sentralt
Tirsdag 1. september gjennomførte LO-sentralt ved Terje Olsson bedriftsbesøk hos Ulstein Elektro Installasjon AS. Saman med Olsson var Kari Hoset Ansnes frå LO Møre og Romsdal og Stig Heggem frå El & IT Forbundet i fylket. I fylgjet var også ordførarkandidat for Ulstein Arbeidarparti, Magne Grimstad jr.
Les mer
|
| SISTE FRÅ facebook
SISTE FRÅ INSTAGRAM
Innhaldsrike dagar med valkamp går mot ein ende 🌹 Tusen takk til alle for kjekt fellesskap, både i eige parti og i lag med resten av Ulsteinpolitikarane 😁 Kjære innbyggar, takk for alle gode tilbakemeldingar. Det varmar ❤️
«Nu kōr vi» 💃🕺 Godt val på måndag! ✅
#ulsteinvik #ulsteinkommune #arbeiderpartiet #ulsteinarbeidarparti #hunstiller #valg2019 #val2019 #fellesskap
7. september 2019
|