Ulstein Arbeidarparti er klar for ein ny periode
Ulstein Arbeidarparti er klar for ein ny periode i Ulstein kommunestyre. Vi skal gjere vårt beste for innbyggjarane i kommunen
Ulstein Arbeidarparti ventar at kvar og ein yter til felleskapet etter evne, og vil vere pådrivar for at innbyggjarane i Ulstein får hjelp etter behov. Å kunne livnære seg av eige arbeid, heilt eller delvis, gir livskvalitet og betre helse. Ulstein Arbeidarparti strevar ikkje etter likskap, men likeverd, og meiner at mangfald skaper robuste og vekstkraftige samfunn.


